Hopp til innhold
Gi gaven videre
NorSahel

NorSahel

NorSahel

Norsk Sahel Sjølvhjelp Organisasjon er ein norskregistrert, uavhengig organisasjon som jobbar for ein betre levestandard for menneske i Mali. Strategien deira er å hjelpe til sjølvhjelp. I Mali arbeider NorSahel i tett kontakt og samarbeid med myndigheiter og institusjonar for å sikre bærekraft i arbeidet.

Sahel er eit anna namn på indre delar av vest-afrika og Mali. Deira overordna visjon er å redusere uverdig fattigdom i Mali og skape varig utvikling for enkeltpersonar og samfunn. Strategien deira er ein veldig sentral motivasjon: Hjelpa blir kanalisert gjennom nasjonale strukturar, og ikkje på sida av desse. Dette er for å sikre bærekraftig utvikling. Dei ynskjer å hjelpe og inspirere innbyggjarane til å finne fram til eigne ressursar og ta ansvar for utvikling sjølv.

NorSahel har eit breitt nettverk i Mali innan ulike samfunnslag og myndigheiter. Dei har eit kontor og lokal stadleg representant i Mali. Deira base er i Nissedal, Telemark, men folk frå ulike stadar i landet er engasjert i arbeidet, dei har og eit aktivt miljø i Kristiansand.


The organization supports the following of the UN's sustainability goals:

Utrydde fattigdomGod helseGod utdanningLikestilling mellom kjønnene
The organization is approved by The Norwegian Control Committee for Fundraising